Hopp til innhold

Romar

Romar, som òg vert kalla sigøynarar, byrja å kome til Noreg rundt 1860, då styresmaktene oppheva ei streng innvandringslov. På 1900-talet kom nye innreiseforbod, og norske romar vart utsette for grove overgrep av styremaktene.

Romane forlét India for tusen år sidan. Dei reiste frå land til land og mange hamna i Aust-Europa. I Romania vart dei haldne som liveigne til kring 1860. Då vart slaveriet oppheva, og mange romar drog til Nordvest-Europa. Den største gruppa, 2,5 millionar, held framleis til i Romania. I Noreg bur det i 2020 under tusen romar. Mange er etterkomarar av familiane som innvandra på 1800-talet, somme er flyktningar som kom til Noreg etter andre verdskrigen, og frå krigane i Jugoslavia i 1990-åra. Ikkje alle ønskjer å identifisere seg som romar.

Dei første generasjonane av romar i Noreg livnærte seg som omreisande handverkarar og handelsfolk. Dei bytte varer med lokale bønder, og når handelen var unnagjord, drog dei vidare til nye bygdelag, eller til utlandet. Styresmaktene mislikte romane, som dei meinte unndrog seg skattar og andre samfunnsplikter. Dei vart ikkje oppfatta som ei gruppe som burde fornorskast, men som ei gruppe som burde forlate landet. I 1920-åra vart passa til norske romar inndregne. Mange flytta då til Frankrike og Tyskland, men i 1930-åra prøvde dei å kome tilbake til Noreg for å sleppe unna nazistisk forfølging. Dei vart nekta innreise.

I 1999 fekk norske romar status som nasjonal minoritet. Statusen gjeld etterkomarar av dei første norske romane, ikkje romar som har kome til landet frå rundt tusenårsskiftet. Konvensjonen forpliktar staten til å leggje til rette for at romane kan utvikle sin eigen kultur. I Noreg har dei greidd å halde på morsmålet sitt, romanes, og dei praktiserer framleis ei reisande livsform.

 

Kjelder

Balder Hasvoll og Inger Sigfridsson (red.): Ute er det kaldt. Om romer i Norge. Oslo 2015

 

Ada Engebrigtsen: «Fantefolk og sigøynere. Fra omstreifere og slaver til nasjonale minoriteter», sosiologen.no, publisert 1.2.2017: https://sosiologen.no/essay/essay/fantefolk-sigoynere-omstreifere-slaver-nasjonale-minoriteter/ [lesedato 9.2.2020]

Marira Rosvoll, Lars Lien og Jon Alexander Brustad: «Å bli dem kvit». Utviklingen av en «sigøynerpolitikk» og utryddelsen av norske rom, utgreiing, publisert 2015, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/contentassets/a10ae43b518a4a80b98dd4df0f1c3964/a_bli_dem_kvit_hl_senteret.pdf [lesedato 9.2.2020]

 

Peikarar

Maj Bach Madsen: «Vet lite om romfolk», forskning.no, publisert 7.10.2010

Mari Allgot Lie: «– 'Sigøyner' er rasistisk», nrk.no, publisert 14.4.2008

Først publisert: 24.09.2020
Sist oppdatert: 24.09.2020