Hopp til innhold
Svibruk bleik praktiskert av skogfinnane som innvandra til Noreg på 1600- og 1700-talet. Måleri av Eero Järnefelt (1893): «Raatajat rahanalaiset» (svensk: «Trälar under penningen»). Kjelde: Finlands nasjonalmuseum (Kansallismuseo). Ingen opphavsrett.
Svibruk bleik praktiskert av skogfinnane som innvandra til Noreg på 1600- og 1700-talet. Måleri av Eero Järnefelt (1893): «Raatajat rahanalaiset» (svensk: «Trälar under penningen»). Kjelde: Finlands nasjonalmuseum (Kansallismuseo). Ingen opphavsrett.
X
Innhald

Skogfinnar

Skogfinnar er etterkomarar av finnar som innvandra til Noreg på 1600- og 1700-talet. Dei busette seg på Austlandet, med ein konsentrasjon aust for Glåma.

Skogfinnane kom frå skogsområda i Midt-Finland, der dei praktiserte svibruk, og dei heldt fram med denne dyrkingsforma i Noreg. Å brenne skog og så i den næringsrike oska gav store avlingar, men drifta kom i konflikt med andre måtar å bruke skogen på. For å få bukt med svibruket byrja styresmaktene å registrere skogfinnar som gjorde skade på skogen, og på slutten av 1600-talet vart det innført dødsstraff for dei som dreiv med bråtebrenning.

Skogfinnane sin kultur skilde seg frå den norske på fleire felt. Den særprega runesongen var ulik norsk songstil, byggjeskikken var annleis, og familiane hadde badstove. Kulturtradisjonane heldt seg lenge, særleg på Finnskogen. Det gjaldt også språket. Skogfinnane snakka både norsk og finsk, men finsken var under press. Alt i finnemanntalet på 1600-talet byrja styresmaktene å fornorske namna deira, og i fornorskingstida kvarv det finske språket bort. Den siste som snakka skogfinsk, døydde i 1960-åra.

Tidleg på 1900-talet kom dei første bøkene med skogfinske motiv, skrivne av skogfinske forfattarar. Mange skogfinnar er opptekne av den skogfinske bakgrunnen sin, men har lenge vore så integrerte i samfunnet at dei knapt har vorte oppfatta som ein minoritet, verken av storsamfunnet eller seg sjølve. Då skogfinnane i 1998 fekk status som nasjonal minoritet, var det berre nokre hundre personar som kalla seg skogfinnar.

 

Kjelder

Magnus Bernhardsen: «'Den første jeg kjender av ætten fikk ryddet sig plass i en skog'. Skogfinnar i norsk litteratur», masteroppgåve, duo.uio.no, publisert 2019: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/66725/master_pdf.pdf?sequence=1&isAllowed=y [lesedato 15.3.2020]

Annikken Johansen: «Skogfinner i Norge», norgeshistorie.no, sist oppdatert 12.3.2020: https://www.norgeshistorie.no/enevelde/1247-Skogfinner-i-Norge.html [lesedato 20.3.2020]

Utdanningsdirektoratet: «Våre nasjonale minoriteter», udir.no, publisert 2014: https://www.udir.no/globalassets/filer/laringsmiljo/nasjonale-minoriteter/nasjonale_minoriteter_udir.pdf [lesedato 20.3.2020]

 

Peikarar

Finnskogdagene: «Trontale – Finnskogdagene 2020», finnskogdagene.no

Norsk Skogfinsk Museum: «Om oss», skogfinskmuseum.no

Skogfinnefakta, Instagram-konto, instagram.com

Først publisert: 23.09.2020
Sist oppdatert: 24.09.2020