Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialantropologi

Sosialantropologi er eit samanliknande studium av samfunn og kultur.

Studiet omfattar i hovudtrekk familieorganisasjon, religion, politikk og økonomi og byggjer på ein deltakande observasjon av sosialt liv gjennom eit såkalla feltarbeid. Faget voks fram i studiet av små stammesamfunn i den tredje verda, men dette har etter kvart kome meir i bakgrunnen. Dei siste åra har sosialantropologien òg vist seg å vere nyttig i studiet av moderne industrisamfunn, jamfør etnografi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012