Hopp til innhold

Klasseskilje

Ei klasse er ei gruppe menneske med om lag same livsvilkår, bestemt av kva posisjon dei har i arbeidslivet. Klasseomgrepet kom med industrialiseringa, som skapte eit skarpt skilje mellom kapitalistar og arbeidarar, ein konflikt som har vore bakgrunn for klassekamp i mange land.

Konfliktteorien er knytt til Karl Marx. Han meinte at det var ein grunnleggjande interessemotsetnad mellom kapitalistane, som eigde det meste, og arbeidarklassa, som eigde nesten ingenting, og at konflikten berre kunne løysast gjennom revolusjon. Seinare på 1800-talet modifiserte Max Weber konfliktteorien. Han la vekt på at menneska er rasjonelle problemløysarar som kan påverke sitt eige liv, og ikkje er bundne til ei bestemt klasse.

I Noreg og andre vesteuropeiske land vart klasseskiljet dempa etter kvart som arbeidarane fekk politisk makt og velferdsstaten jamna ut levekåra. Avstanden mellom borgarskapet og arbeidarklassa minka, og mellom dei vaks middelklassa fram. Sist på 1900-talet var det mange som meinte at klassesamfunnet var på hell.

Den franske sosiologen Pierre Bourdieu hevda at klasseskiljet ikkje var borte, men kom til uttrykk på andre og meir indirekte måtar. I Distinksjonen. En sosiologisk kritikk av dømmekraften (1979) utvidar han omgrepet kapital frå berre å gjelde pengar til å omfatte alle ressursar som gir grunnlag for makt, mellom anna kulturell kapital. Det inneber at dei som har den rette utdanninga, dei rette meiningane og den gode smaken, i alt frå interiør til reisevanar, er livsstilgrupper med kulturell makt.

Frå rundt 1980 har den økonomiske utjamninga mellom klassene stoppa opp, og avstanden mellom dei rikaste og dei fattigaste har vorte større. Det gjeld i heile Europa.

 

Kjelder

Poul Brejnrod: Sociologi. København 2009

 

Bård Amundsen: «Krigen fjernet det norske klassesamfunnet», forsking.no, publisert 27.4.2017: https://forskning.no/andre-verdenskrig-historie-moderne-historie/krigen-fjernet-det-norske-klassesamfunnet/350766 [lesedato 9.11.2019]

Bård Amundsen: «Økonomisk ulikhet: Tre årsaker til at ulikheten vokser», forskning.no, publisert 4.3.2019: https://forskning.no/penger-ulikhet/okonomisk-ulikhet-tre-arsaker-til-at-ulikheten-vokser/1300204 [lesedato 9.11.2019]

Mike Savage: «Intervju med Thomas Piketty», sosiologen.no, publisert 5.7.2016: https://sosiologen.no/intervju/intervju-thomas-piketty/ [lesedato 12.12.2019]

 

Peikarar

Nasjonalt digital læringsarena (NDLA): «Har vi klasser i dagens Norge?», youtube.com

Tankesmien Agenda: «Thomas Piketty og ulikhet i Norge», youtube.com

Marta Tveit: «Det nye klassesamfunnet», studenttorget.no

Først publisert: 07.09.2020
Sist oppdatert: 23.09.2020