Hopp til innhold

Sosial kapital

Sosial kapital er fordelar ein får tilgang til gjennom kjennskap og venskap i formelle og uformelle nettverk.

Omgrepet sosial kapital har fleire tydingar. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu meinte at den opphavlege definisjonen av kapital, som rein økonomisk ressurs, var for snever til å forklare makttilhøva i samfunnet. For å utvide perspektivet innførte han omgrepa kulturell kapital og sosial kapital.

Sosial kapital ligg i sosiale nettverk som kan brukast til å fremje eigne interesser. I nettverket deler ein tips, kontaktar og informasjon. Det forsterkar og utvidar den enkelte sine ressursar og kan tene som springbrett til eigen karriere. Bourdieu viser at éin type kapital kan styrkje andre typar kapital. Økonomisk kapital fremjar sosial kapital, som så fremjar kulturell kapital.

Ei anna side ved den sosiale kapitalen er at han skaper tillit mellom folk. Di fleire nettverk på kryss og tvers, di fleire tillitsfulle relasjonar oppstår det mellom innbyggjarane, og di sterkare vert fellesskapen i samfunnet. Denne tydinga av omgrepet sosial kapital er knytt til den amerikanske statsvitaren Robert P. Putnam og er mykje brukt av norske samfunnsforskarar.

I dagleglivet inngår dei fleste menneske i sosiale nettverk med vener, kollegaer og grannar. Slike grupper er laust organiserte og har sjeldan eigennytte som uttalt formål. Nettverka kan like fullt bidra med sosial kapital i form av informasjon og støtte. Ei masteroppgåve av Marte Husby Rygh viser at ungdom sine utdanningsval er meir påverka av kva venene meiner, enn av kva foreldra seier.

 

Kjelder

Arent Greve: «Betydningen av svake og sterke bånd i sosiale nettverk», Magna nr. 2/1998. Elektronisk utgåve, magma.no: https://www.magma.no/betydningen-av-svake-og-sterke-baand-i-sosiale-nettverk [lesedato 1.3.2020]

Noregs forskingsråd: Sosial kapital. Oslo 2005. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/b54bb82fe7d3c208e3e6a68deddd1227?lang=no#2 [lesedato 1.3.2020]

Marte Husby Rygh: «Sosiale nettverk og utdanningsvalg», masteroppgåve, publisert 2017, openarchive.usn.no: https://openarchive.usn.no/usn-xmlui/bitstream/handle/11250/2476110/MasterRygh2017.PDF?sequence=5&isAllowed=y

 

Peikarar

NRK TV: «Debatten: ulikheter i Norge», tv.nrk.no, publisert 18.5.2017

Først publisert: 07.09.2020
Sist oppdatert: 07.09.2020