Hopp til innhold
X
Innhald

Sosial lagdeling

Sosial lagdeling er ei rangering av menneske med utgangspunkt i kva dei har av ressursar og posisjonar i samfunnet.

Sosial lagdeling finst i dei fleste samfunn. I enkelte land og periodar har lagdelinga vore streng og synleg. USA har hatt slavar og slaveeigarar, Europa standssamfunn og India eit finmaska kastesystem. Dei som høyrde til høgt oppe i den sosiale lagdelinga, rådde over det meste av ressursane i samfunnet, medan folk flest hadde lite eller ingenting. Å arbeide seg oppover i systemet var umogleg.

Omgrepet sosial lagdeling er knytt til den tyske samfunnsforskaren Max Weber. Han kom fram til at det er meir enn eigedom og økonomisk makt som avgjer folk sine livssjansar. Utdanning, yrke og omdøme kan vere like viktige som rikdom, og fordi det er fleire ressursar å satse på, er det lettare for folk å arbeide seg oppover i hierarkiet. Samfunnsgruppene er ikkje skarpt todelte i rik og fattig, men består av mange lag, med glidande overgangar.

I Noreg står likskapsidealet sterkt, men sidan 1980 har avstanden mellom dei som tener mest, og dei som tener minst, auka kraftigare hos oss enn det som er gjennomsnittet i rike land. Progressiv skattelegging gjer at noko av rikdomen vert utjamna, men fattigdomsproblemet veks. I 2019 budde nesten éin av fire nordmenn i hushald som ikkje hadde sjanse til å klare ei uventa utgift.

I verda som heilskap går talet på ekstremt fattige ned, og fleire lever i mellominntektsland. I mange fattige land er den sosiale lagdelinga like fullt svært tydeleg. Ei lita gruppe kontrollerer det meste av makt og rikdom, medan store grupper lever frå hand til munn.

 

Kjelder

Poul Brejnrod: Sociologi. København 2009

 

Tor Aksel Bolle: «Antall fattige i verden», bistandsaktuelt.no, sist oppdatert 2.11.2018: https://www.bistandsaktuelt.no/nyheter/2018/stadig-farre-fattige-i-verden/ [lesedato 20.6.2020]

Gunn Kvalsvik: «Vi er ikke så like som vi tror», Samfunnsviteren nr. 1/2017. Elektronisk utgåve, samfunnsviteren.no: https://samfunnsviteren.no/2017/06/13/vi-er-ikke-sa-like-som-vi-tror/ [lesedato 1.3.2020]

Statistisk sentralbyrå: «Fattigdomsproblemer, levekårsundersøkelsen», ssb.no, sist oppdatert 28.4.2020: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/fattigdom/aar, [lesedato 20.6.2020]

 

Peikarar

NRK TV: «Rik og lik», tv.nrk.no, sendt 12.2.2020

Først publisert: 17.08.2020
Sist oppdatert: 18.08.2020