Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialisering

Sosialisering handlar om å overføre rådande verdiar og reglar for åtferd til nye slektsledd, slik at enkeltindivida vert skikka til å leve i ein bestemt kultur.

Sosialisering skjer i alle samfunn og varer heile livet. Oppsedinga i ein familie utgjer primærsosialiseringa. Ho kjem først, er på mange måtar viktigast og er grunnleggjande lik overalt. Mellom anna må alle barn lære å ete og snakke. Gradvis tek barnet til seg dei vaksne sine verdiar, men kva for dugleikar og haldningar barna vert innprenta, varierer frå samfunn til samfunn og over tid.

I bondesamfunn, som Noreg på 1800-talet, var det meste av sosialiseringa knytt til storfamilien. Dei vaksne hadde ansvaret for barna si oppseding og opplæring, og eldre søsken hjelpte til. Påverknad utanfrå var for dei fleste avgrensa til skule og kyrkjegang.

Moderne samfunn er prega av kulturelle og teknologiske endringar. Det krev kunnskapar og dugleikar som unge ikkje alltid kan lære i familien. Sekundærsosialiseringa vert dermed viktigare. Denne sosialiseringa skjer i skulen, i barnehagen og i andre grupper som barna er med i. Der er krava til kva dei skal lære, og korleis dei skal oppføre seg, meir formaliserte, og reglane gjeld alle. Forventningane kan avvike frå det barna har lært heime, eller dei kan støtte opp under verdiane heimanfrå.

Sekundærsosialisering slår inn også i vaksenlivet: Innvandrarar til Noreg må tilpasse seg nye veremåtar. Vaksne som skiftar jobb, må innrette seg etter nye arbeidsreglar. Dei gamle må finne ut av eit liv som pensjonist. Og alle må lære seg å bruke internett.

Påverknad gjennom media er ei tredje form for sosialisering. Massemedia formidlar eit mangfald av idear og meiningar, og sosiale medium, som kom med internett og mobiltelefonar, forsterkar tendensen. På 2000-talet er barn og unge storforbrukarar av sosiale medium, og dei vert kjende med normer og verdiar som kan vere heilt forskjellige frå det dei er vane med i familien. Sosialisering gjennom media gjer at primærsosialiseringa møter konkurranse, og kan verte svekt.

 

Kjelder

Marit Dalen og Thomas Hylland Eriksen: Folk. Sosiologi og sosialantropologi. Oslo 2012

 

Lemma Desta Gonamo: «Å oppdra barn etter egne religiøse og kulturelle overbevisning er ikke negativ sosial kontroll», verdidebatt.no, publisert 11.4.2020: http://www.verdidebatt.no/innlegg/11751485-a-oppdra-barn-etter-egne-religiose-og-kulturelle-overbevisning-er-ikke-negativ-sosial-kontroll [lesedato 1.4.2020]

Harriet Bjerrum Nielsen og Inge Henningsen: «Guttepanikk og jentepress – paradokser og kunnskapskrise», Socius nr. 1–2/2018, elektronisk utgåve, idunn.no: https://www.idunn.no/tfk/2018/01-02/guttepanikk_og_jentepress_paradokser_og_kunnskapskrise [lesedato 1.4.2020]

 

Peikarar

Nasjonalt digital læringsarena: «Intervju med Kristinn Hegna om sosialisering av ungdom», youtube.com, publisert 16.5.2013

Olga Stokke og Thomas Olsen: «– Foreldrekurs bør bli obligatorisk for flyktninger», aftenposten.no, sist oppdatert 12.2.2018

Først publisert: 02.11.2020
Sist oppdatert: 02.11.2020