Hopp til innhold
X
Innhald

Bachelor

Bachelor (engelsk, av latin baccalaureus), nemning på den lågaste akademiske graden (tittelen) i engelsktalande land, og sidan 2003 også i Noreg. Dei mest kjende er Bachelor of Arts (BA) i humanistiske fag og Bachelor of Science (B.Sc.) i naturvitskaplege fag og realfag.
 
Treårig bachelorgrad vart innført i høgare utdanning i Noreg med Kvalitetsreforma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.07.2014