Hopp til innhold
X
Innhald

Candidatus

Candidatus (hankjønn) eller candidata (hokjønn), forkorta cand., tittel på person (kandidat) med akademisk eksamen frå universitet eller høgskule. Eit tillegg til cand. viser kva grad eller fagområde personen har avlagt eksamen i. Døme er cand.mag. (lågare grads eksamen), cand.philol. (høgare grads eksamen i filologi), cand.med. (medisin), cand.pharm. (farmasi), cand.theol. (teologi) og cand.scient. (tidlegare cand.real., høgare grad av matematisk-naturvitskapleg eksamen).
Slike titlar var brukte i norsk høgare utdanning fram til hausten 2003, då dei fleste utdanningane fekk ny gradsstruktur.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.07.2014