Hopp til innhold
X
Innhald

College

College, namn på høgare lærestader. I England blir ordet brukt om sjølvstyrte einingar ved til dømes Cambridge og Oxford der studentane bur og får undervisning. Det var også i bruk om enkelte høgare skular som tente som førskular til universiteta, til dømes Eton.
 
I USA er college trinnet i skuleverket mellom high school og universitet.

Cambrigde college. Foto: Ben Ellis, flickr.com CC BY SA 3.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.07.2014