Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktshøgskular

Distriktshøgskular (DH), tidlegare namn på utdanningsinstitusjonar med ulike typar utdanning på høgskulenivå. Studietida varierte frå eitt til tre år. Distriktshøgskulane var i prøvedrift frå 1969 og i permanent drift frå 1975. Dei 2–3-årige studia var for det meste yrkesretta.
 
Skulane tilbydde også undervisning i enkelte universitetsfag og studium som ein kunne kombinere med utdanningar frå andre utdanningsinstitusjonar. Dei bygde på eksamen frå 3-årig vidaregåande skule eller tilsvarande utdanning og/eller praksis. Det var også vaksenopplæring, etterutdanning, forsking og utgreiingsarbeid ved distriktshøgskulane.
 
I 1994 kom dei inn under det nye høgskulesystemet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.07.2014