Hopp til innhold
X
Innhald

Fakultet

Fakultet (av latin facultas, ’evne’), omgrep som har fleire tydingar. For det første blir det brukt om ei fagleg og administrativ hovudavdeling ved eit universitet.
Fakulteta omfattar studentar og tilsette i ei gruppe fag som naturleg høyrer saman (humanistiske, matematisk-naturvitskaplege, samfunnsvitskaplege fakultet osb.) eller fag som utgjer ei studieeining (medisinske, odontologiske, teologiske, juridiske fakultet osb).
Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. foto: UiB, flickr.com CC BY 2.0
Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. foto: UiB, flickr.com CC BY 2.0
For det andre blir omgrepet fakultet brukt i matematikken om ein spesiell multiplikasjon mellom naturlege tal. Har ein til dømes dei fem første naturlege tala og skriv multiplikasjonen 1⋅2⋅3⋅4⋅5, kallar ein dette 5-fakultet og skriv det 5!. Generelt har ein n! = 1⋅2⋅3⋅. . . ⋅(n—1)⋅n.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.07.2014