Hopp til innhold
X
Innhald

Folkeakademi

Folkeakademi (opphavleg arbeidarakademi), organisasjon som søkjer å fremje eit allsidig kulturliv ved mellom anna foredrag, konsertar, utstillingar, film og teater. Folkeakademia støttar opp om kurs, studieringar og kveldsskular.
Det første norske folkeakademiet var Kristiania Arbeiderakademi, som vart stifta i 1885 etter mønster av den britiske opplysningsverksemda university extension. Liknande institusjonar vart oppretta i dei fleste norske byane. Folkeakademienes Landsforbund vart stifta i 1905. I dag samarbeider dei mellom anna med Rikskonsertane, Riksgalleriet, Riksteatret og Norsk Forfattersentrum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.08.2014