Hopp til innhold
X
Innhald

Ingeniør

Ingeniør, tittel på person som planlegg og leier arbeid av teknisk art. Ingeniørtittelen er ikkje verna, og ein kan nytte han uavhengig av formell utdanning (i motsetnad til tittelen sivilingeniør).
 
 
Ingeniør Orre i ein buss i 1975. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo bymuseum, CC BY SA 3.0
 
Ingeniør Orre i ein buss i 1975. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo bymuseum, CC BY SA 3.0
 
 
I Noreg er det to ingeniørorganisasjonar, Tekna (—Teknisk-naturvitskapleg foreining), der medlemmene er sivilingeniørar, master i teknologi eller har tilsvarande kompetanse, og Norges Ingeniørorganisasjon (NITO), som er open for kandidatar frå ingeniørhøgskulane og dei tekniske fagskulane, og personar som kan dokumentere tilsvarande kompetanse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.08.2014