Hopp til innhold
X
Innhald

Kongsberg bergseminar

Kongsberg bergseminar, høgskule som vart oppretta i 1757, og truleg den eldste tekniske høgskulen i verda. Det vart særleg undervist i bergverkskunnskap i tilknyting til sølvverket, men etter kvart også i fag som latin og jus.
Undervisninga vart i 1811 flytta til det nyoppretta Universitetet i Oslo, og frå 1910 overtok NTH i Trondheim den tekniske undervisninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.08.2014