Hopp til innhold
X
Innhald

Kvalitetsreforma

Kvalitetsreforma, reform som vart innført i høgare utdanning i Noreg i august 2003. Ho omfatta ein ny gradsstruktur, tettare oppfølging av studentane, nye eksamens- og evalueringsformer, ny studiestøtteordning og auka internasjonalisering.
For dei fleste studia nyttar ein no gradar på lik linje med nemningane i utlandet: bachelorgrad på lågare nivå med ei normert studietid på tre år og mastergrad på høgare nivå med ei normert studietid på to år utover bachelorgraden. Etter avslutta mastergrad kan ein bli teken opp til eit treårig doktorgradsstudium (ph.d). Talkarakterar vart dessutan erstatta med bokstavkarakterar, og vekttal vart erstatta med studiepoeng.




 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.08.2014