Hopp til innhold
X
Innhald

Musikkonservatorium

Musikkonservatorium, tidlegare nemning for regionale høgskular i musikk. Sidan 1996 har dei vore innlemma i høgskular og universitet. Der kan ein få faglærarutdanning i musikk og dessutan vidareutdanning og kyrkjemusikarutdanning. Opptakskrava er treårig vidaregåande skule og ei eiga opptaksprøve.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.08.2014