Hopp til innhold
X
Innhald

Økonom

Økonom (av gresk oikos, ’bustad’, og nomein, ’forvalte’), eigentleg ’forvaltar’ eller ’hushaldar’. Økonomar er fellesnemninga på ei større yrkesgruppe med utdanning på ulike nivå: bedrifts-, diplom-, sivil-, sosialøkonom osb.
 
 
Dei arbeider innanfor det private næringslivet og offentleg forvaltning med mellom anna administrasjon, planlegging og saksbehandling. Økonomutdanningane er to- til femårige utdanningar ved høgskule eller universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 01.09.2014