Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialpedagogikk

Sosialpedagogikk, nemning på dei pedagogiske retningane som legg vekt på det sosiale samspelet, at vi lærer i samvær med andre og under påverknad av samfunnet elles. Sosialpedagogikk var frå 1974 eit studiealternativ i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, og seinare også eit studietilbod ved fleire høgskular.
 
Ved Universitetet i Oslo gjekk faget inn i det ordinære pedagogikkstudiet i 1990

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 01.09.2014