Hopp til innhold
X
Innhald

Underoffiserskular

Underoffiserskular, eller «Lære-Instituter for tilgaaende Underofficerer», skuleslag som vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1804 i Halden, Stavern, Oslo, Fredrikstad, Kristiansand, Bergen og Trondheim.
Krav til forutdanninga var allmugeskule/folkeskule. Skulane, som gav både yrkes- og allmennutdanning, var til langt ut på 1900-talet eit av få tilgjengelege utdanningstilbod for landsungdom, fordi undervisning og opphald var gratis og elevane i tillegg fekk dagpengar.
Underoffiserskulane vart lagde ned i 1930 og etter kvart erstatta av befalsskulane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 01.09.2014