Hopp til innhold
X
Innhald

Veterinær

Veterinær, også kalla dyrlege, person som behandlar og førebyggjer sjukdom og skade hos dyr.

Veterinær (av latin veterinus, ’som høyrer til lastdyra’) eller dyrlege, person som behandlar og førebyggjer sjukdom og skade hos dyr, kontrollerer kjøt og næringsmiddel osb. 

I Noreg utdannar ein veterinærar ved Noregs veterinærhøgskole i Oslo. I tillegg har Nord universitet i Bodø eit samarbeid med veterinæruniversitetet i Košice i Slovakia om utdanning av veterinærar. 

Ein veterinær held ein hund med hundekrage. Foto: thegoinggreenboutique (2006), Flickr.com CC BY 2.0.

Ein veterinær held ein hund med hundekrage. Foto: thegoinggreenboutique (2006), Flickr.com CC BY 2.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 25.01.2018