Hopp til innhold
X
Innhald

Etatsskule

Etatsskule, eigen skule som er oppretta av ein offentleg etat. Slike skular lærer opp aspirantar og gir vidareutdanning til tilsette. Deltakarane får vanlegvis løn under utdanninga.
 
Det har etter kvart vorte færre etatsskular, men dei finst i dag innanfor mellom anna Posten, tollvesenet, brann- og feiaretaten, fengselsetaten, jernbaneetaten, luftfart og skatteetaten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.10.2015