Hopp til innhold
X
Innhald

Handelshøyskolen BI

Handelshøyskolen BI, privat vitskapleg høgskule som vart oppretta i 1943 som Bedriftsøkonomisk institutt (BI). Skulen har hovudkontor i Nydalen i Oslo og regionale tilbod i Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand.
 
Handelshøyskolen BI tilbyr utdanning i mellom anna økonomi, finans, handel, revisjon og eigedomsmekling. I 2013 hadde skulen omlag 19 000 studentar på heil- eller deltid.
 
Handelshøyskolen BI er ei sjølveigande stifting.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.08.2014