Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Dansehøyskole

Norges Dansehøyskole (NDH), høgskule som vart grunnlagt i 1966 med utspring i Jorunn Kirkenær sin ballettskule under namnet Ballettinstituttet. Skulen tilbydde ei toårig utdanning for dansarar, pedagogar og koreografar. Fleire av dei kjende norske koreografane og andre i ballett er utdanna her.
NDH vart i 1978 godkjend som høgskule, men mista i 1979 den offentlege støtta som følgje av at Statens balletthøgskule var grunnlagt same året. Etter sju års strid vart skulen likevel tildelt offentleg støtte igjen under namnet Den norske balletthøyskole. Skulen er i dag organisert som ei stifting og er treårig med hovudvekt på pedagogutdanning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013