Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Lærerakademi (NLA)

Norsk Lærerakademi (NLA), privat kristen høgskule i Bergen som vart grunnlagd av organisasjonar innanfor Den norske kyrkja. Sidan 1996 har han hatt ei eiga avdeling for lærarutdanning (NLA Lærerhøgskolen). Skulen tilbyr bachelor- og mastergradsstudium i kristendomskunnskap, pedagogikk og interkulturell forståing.

I 2013 fusjonerte den gamle NLA Høgskolen (Bergen) med Mediehøgskolen Gimlekollen (Kristiansand) og Høgskolen i Staffeldtsgate (Oslo). Navnet på den fusjonerte høgskolen er NLA Høgskolen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.08.2014