Hopp til innhold

Ole Bull Akademiet

Ole Bull Akademiet, utdanningsinstitusjon som formidlar og gir kunnskap om norsk folkemusikk til studentar på høgskular og universitet.

Ole Bull Akademiet vart skipa på Voss i 1977. Tankane om eit slikt akademi var gamle, Ole Bull tok alt i 1860-åra til orde for at det skulle skipast eit akademi som bygde på nasjonale element i musikk og dans. Felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa henta fram att desse tankane i 1970-åra. Osa var drivkrafta bak skipinga og var leiar den første tida.
Akademiet har frå 1977 halde vekelange kurs for musikkonservatorium og høgskular frå heile landet. Her får studentane ei innføring i norsk folkemusikk, med lærarar som høyrer med blant dei fremste utøvarane i landet. Dei 35 første åra var meir enn 20 000 studentar med på kurs ved Akademiet. Frå 1996 har akademiet samarbeidd med Griegakademiet i Bergen om eit toårig studium i folkemusikk, og frå 2004 vart det råd å ta eit toårig påbyggingsstudium. Drifta er i dag finansiert ved tilskot frå Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylke og Voss kommune. 
Ole Bull Akademiet var heilt frå skipinga nært knytt til Kringsjå Pensjonat på Voss. I 1994 kjøpte akademiet Kringsjå, som dei seinare har utvida med mellom anna fleire undervisingsrom og ein konsertsal.
Kurshaldarane ved akademiet har heile tida vore av dei fremste folkemusikarane i landet, mellom anna Agnes Buen Garnås, Hans W. Brimi og Berit Opheim Versto.
Frå 2012 er Jo Asgeir Lie rektor ved akademiet.
Kjelder
Jostein Mæland: Ervesylvet. Folkemusikksoga for Vossabygdene. Voss 1991
Gunnar Stubseid: Frå spelemannslære til akademi. Bergen 1991
Nettstaden til Ole Bull Akademiet: www.olebull.no [lesedato 5.12.2012]

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013