Hopp til innhold
X
Innhald

Absalon Steinsaaker

Absalon Steinsaaker var lærar og bygdediktar, som skreiv dikt inspirerte av norsk natur og norsk historie.

Absalon Steinsaaker var fødd 18. august 1880 i Breim i Nordfjord og døydde i Bergen 13. februar 1944.

Steinsaaker voks opp på garden Steinsåker i Breim. På folkeskulen hadde han spelemannen Gabriel Reed til lærar, som han lærte felespel av. I 1897 reiste Steinsaaker til Florø og gjekk Fjordane fylkesskule. I 1898 gjekk han så eit førebuande kurs for lærarskulen i Volda. Deretter vart det lærarskule i Elverum, med eksamen i 1901.

Den første lærarposten var eit årsvikariat i Fana, men frå 1902 var han lærar i Krødsherad og i nabokommunen Sigdal. I desse åra var han mykje saman med Anders Hovden, som var prest i Krødsherad. Steinsaaker sleit med helsa og var innlagd på psykiatrisk institusjon frå 1910 til 1917. Etter at han kom ut frå institusjonen, budde han heime i Breim eit års tid. I åra som følgde, hadde han lærarpost fleire stader i landet, både vikariat og i faste stillingar.

I 1926–27 gjekk han eitt år på Noregs Lærarhøgskule i Trondheim. Men så vart han sjuk igjen, og han vart aldri lærar meir. Han flytte igjen heim til Nordfjord. Både i åra som lærar og i tida etterpå skreiv han dikt og prosa til ymse blad og aviser, i Den 17de Mai, Unglyden, Austland, Ung-Norig, Ørsta Avis, Midnattsol og sjølvsagt i lokalavisene i Nordfjord.

I 1936 fekk Steinsaaker eit lite stipend og reiste til Berlin for å oppleve OL. Opplevingane der skildra han i reisebrev til bygdeblada i Nordfjord.

I godt vaksen alder begynte han så på skule att, tok mellomskuleeksamen på Nordfjordeid og begynte også på gymnaset. Men i 1937 braut han tvert over og kjøpte eit småbruk i Fiskåbygd på Sunnmøre og ville verte bonde. Men det vart strevsame år, og i 1943 vart han kreftsjuk og døydde i februar 1944, etter eit kort opphald på sjukehus i Bergen.

Steinsaaker gav ut to diktsamlingar, Nokre bogedrag (1909) og Glimesteinar (1923). Begge samlingane er prega av nasjonale tema. Forfattaren er inspirert av norsk natur og av den gamle norske historia. Særleg tydeleg er kjærleiken til Nordfjord og bygdene kring fjorden. I den første samlinga har han med eit hyllingsdikt til Anders Hovden, i den andre fleire om personar frå sogetida, til dømes Torolv Kveldulvson og Halfred Vanrådeskald.

Kjelder

Olav A. Loen: «Absalon Steinsaaker – ein bygdediktar frå Breim», i Årbok for Nordfjord 1984

J.M. Steffensen: «Absalon Steinsaaker. Ein bygdediktar fraa Nordfjord», i Ung-Norig nr. 5/1923

Peikarar

Forfattarside om Absalon Steinsaaker på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no http://forfattarar.sfj.no/absalon-steinsaaker/

Først publisert: 25.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019