Hopp til innhold
X
Innhald

Alexander Sutherland Neill

Alexander Sutherland Neill, 1883–1973, var skotsk pedagog og psykolog.

I 1921 oppretta han Summerhill School, ein internasjonal kostskule med ein pedagogikk som hovudsakleg byggjer på at elevane skal utvikle seg i fullstendig fridom. Denne pedagogikken er sterkt psykoanalytisk påverka. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.07.2014
Sist oppdatert: 23.09.2014