Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Haveland

Alf Haveland er lærar frå Ytre Sogn, som i dikta sine skildrar det vestnorske kystlandskapet og den kystnorske folkesjela.

Alf Kåre Haveland er fødd 23. februar 1940 i Eivindvik, Gulen i Sogn. Han tok eksamen ved lærarskulen i Stavanger i 1966, med vidare utdanning i norsk og kunsthistorie ved Distriktshøgskulen same staden.

Frå 1970 var Haveland busett i Tananger og tilsett som lærar i Sola kommune. Han hadde tenestestad først ved Stangeland skole og seinare ved Sande skole. I periodar var han òg lærar ved Folkeuniversitetet i Stavanger. Haveland vart pensjonist i 2003 og flytte då attende til Eivindvik.

Haveland debuterte som lyrikar med Vridd kyst i 1978. Seinare har han gitt ut fire diktsamlingar, barneboka Heksa (1985) og Postkort (1994), ei forteljing bygd opp av korttekstar som gir glimt frå ein kvardag prega av oppbrot, uro og einsemd.

Haveland sine dikt viser fram ein sterk kjærleik til det kystnorske landskapet, men samstundes viser dei eit kritisk blikk på mangt i dei tronge bygdesamfunna langs vestlandskysten. Naturen er ei kjelde til vakre skildringar av landskap og vêrlag, men også grunnlag for enkle metaforar som opnar opp for større menneskelege samanhengar. Mange dikt kan òg lesast som kommentarar til trekk ved samfunnsutviklinga og samtidsfenomen som forfattaren synest lite om.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Alf Haveland 4.10.2018

Ove Eide: «Den kystnorske folkesjela», i Sogn og Fjordane Magasin nr. 1/1984

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Alf Haveland på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Alf Haveland på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 26.06.2019
Sist oppdatert: 26.06.2019