Hopp til innhold
Andreas Barsnes. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Andreas Barsnes. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Andreas Barsnes

Andreas Barsnes var lærar, skulestyrar og ei drivande kraft i Det vestlandske målkontor, der han var styremedlem frå 1916 og leiar frå 1921 til 1954.

Andreas Barnes var fødd 16. august 1883 i Sogndal og døydde 2. juli 1954 i Bergen.

Barsnes tok eksamen ved Stord lærarskule i 1907, og i 1916 gjekk han statens tremånaders teiknekurs i Oslo. I 1907–08 var han lærar i Skånevik, deretter i Sund i Hordaland (1908–09), i Norderhov (1909–11) og i Årstad ved Bergen (1911–15). Årstad var eigen kommune fram til 1915, då Årstad vart ein del av Bergen. Så frå 1915 var Barsnes lærar i Bergen kommune. Frå 1937 var han tilsynslærar for hjelpeklassene, frå 1939 ved Solhaug skole. Frå 1947 til han gjekk av med pensjon i 1953, var han overlærar ved hjelpeklassene.

Barsnes var sterkt engasjert i målsaka frå ungdomen av. I 1916 kom han med i styret for Det vestlandske målkontor og var styreleiar frå 1921 til 1954. Målkontoret vart skipa i 1904, som del av Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen. Føremålet var å spreie kunnskap om norsk mål og informere om målsituasjonen på Vestlandet. I arbeidet med å sikre landsmålet framgang i skule, kyrkje og kommunestyre var Andreas Barsnes ei drivande kraft. Kontoret gav ut skrifter om landsmålet, sende brev med krav om målbyte, heldt kurs og reklamerte for bøker og blad på landsmål.

Barsnes stod for fleire av dei småskriftene som målkontoret gav ut i hans formannstid: Kva maal høver best i Noreg? (1922), Norsk blad- og boklista (1923), Kva maal høver best i folkeskulen? (1924), Norsk maal i norske skular (1927 og 1932), Sanningsord um Nynorsk salmebok (1928).

Barnes var ein sterk pådrivar for å få til arkeologiske utgravingar på Holmen (Bergenhus) i Bergen, og var særleg oppteken av Kristkyrkja som hadde stått der. Han kosta sjølv tre skrifter som målkontoret gav ut: Kristkyrkja og kongegravene på Holmen (1928), Håkonshalli og Holmen (1928) og King Håkon's Hall on Holmen (1928).

Barsnes var også engasjert i den såkalla «Grønlandssaka», eit politisk stridsspørsmål i mellomkrigstida: Var Grønland norsk eller dansk? Barsnes var medlem i «Grønlandsnemndi i Bjørgvin», danna i 1922, ei gruppe med nære band til mellom anna BUL-Ervingen, Vestlandske Mållag og Vestmannalaget. For denne nemnda – og for mange i målrørsla – var Grønlandssaka ein del av det nasjonale frigjeringsarbeidet.

I 1930 gav Barsnes ut Kjærleik og målstrid. Morospel i tvo vendingar, eit skodespel for ungdomslag. Utgangspunktet i skodespelet er at det skal vere avrøysting om målbyte, og presten, som er fanatisk riksmålsmann, prøver med alle middel å hindre at landsmålet sigrar. Men han vert utmanøvrert og må gi seg. Dei som vil ha landsmål, har god støtte i skrifter frå «Målkontoret». Som så ofte i slike spelstykke finn vi også her to unge som må halde ut mange vanskar før dei får kvarandre til slutt. I den første utgåva av skodespelet brukte Barsnes forfattar-pseudonymet Atle Bjørgi, i seinare utgåver brukte han sitt eige namn.

I mars 1942 var Barsnes mellom dei om lag 500 lærarane som vart arresterte av tyskarane og sende til Kirkenes på tvangsarbeid. Der var dei internerte til utpå hausten same året.

I 1954 fekk Andreas Barsnes Kongens fortenestemedalje i gull, post mortem, for det store arbeidet han hadde lagt ned for skule og kulturliv.

 

Kjelder

Olaf Almenningen ofl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Karl Bakke (red.): Norske skolefolk, bd. I. Stavanger 1952

Andreas Barsnes: «Vestlandske Målkontor», i Olav Hoprekstad (red.): Bondeungdomslaget Ervingen 1900–1950. Bergen 1950

J. Tidemann Reinertsen: «Det Vestlandske Målkontor og Andreas Barnes», i Hallvard Framnes ofl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bergen 1954

Arnulv Sudmann (red.): Norsk allkunnebok, bd. I. Oslo 1948

 

Peikarar

Andreas Barsnes: Kjærleik og målstrid. Morospel i tvo vendingar. Oslo 1945. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Forfattarside om Andreas Barsnes på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no


Sist oppdatert: 26.06.2019