Hopp til innhold
X
Innhald

Arnold Hallén

Arnold Hallén (1921–2001) var lærar, rektor og forfattar. Han skreiv forteljande bøker for barn og dikt for vaksne.

Mellom barnebøkene er leiting etter Roald Amundsen (1981), Bjørnen i Blåfjellet (1983), Munnspelet (1984) og Heia Tjukken (1986). Mellom vaksenbøkene er diktsamlingane Kodnbandet (1970), Eit anna liv (1985) og Levande dropar (2000). 

Magisk realisme blir brukt om ein skrivemåte som kombinerer ein ambisjon om å skildra samfunnet så sannferdig som mogeleg med ein medviten og sjølvsagd bruk av mytiske og fantastiske element. Retninga blir ført tilbake til latinamerikanske forfattarar som Gabriel García Márquez, Carlos Fuentes, Isabel Allende og Mario Vargas Llosa. I deira kultur er motsetnaden mellom myte og rasjonell sanning mindre enn i europeiske land. Forfattarar frå mange delar av verda har blitt inspirerte av denne skrivemåten, som Ben Okri frå Nigeria og Salman Rushdie frå India/Storbritannia.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018