Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Eidnes

Asbjørn Eidnes, nordnorsk skulemann og lokalhistorikar. I 47 år redigerte han Håløygminne, eit lokalhistorisk tidsskrift for heile Nord-Noreg.

Asbjørn Eidnes var fødd på Bjarkøy 16. juli 1921 og døydde i Harstad 18. juni 2009. Han blei student i 1942, tok eksamen ved Oslo Musikkonservatorium i 1950 og filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1951. Han blei tilsett som lærar ved Trondarnes Folkehøgskule i 1955 og tok over som rektor ved skulen etter faren, Hans Eidnes, i 1959. Denne stillinga hadde han til 1987.

Eidnes var først og fremst kjend som lokalhistorikar med sterk interesse for Harstads lokalhistorie og nordnorsk historie i det heile. Han var i mange år leiar for Harstad Historielag. I 1962 tok han over som redaktør av Håløygminne etter faren, og han redigerte tidsskriftet i heile 47 år, fram til han døydde i 2009. Frå 1987 til 2009 redigerte han Årbok for Harstad. Begge stader skreiv han ei rekkje artiklar. Han gav ut fleire bøker, mellom anna Nord-Norge i manns minne. Daglegliv ved hundreårsskiftet (1973), Trondenes kjerke. «Den kircke har noget at sige» (1993) og Trondeneshalvøya i historia (1995).

Eidnes var oppteken av song og musikk, dirigerte ei rekkje kor opp gjennom åra og hadde styreverv i Musikkens Venner og i Festspela i Nord-Noreg. I 50 år var han engasjert i idretten, både som aktiv og som administrator. Han var nordnorsk meister i hekkeløp fem gonger.

Eidnes blei tildelt Elias Blix-prisen for innsatsen for nynorsk språk og litteratur i 1988 og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2008.

Kjelder

Trine Eilertsen: «Kongens gull til historieguru», Harstad Tidende 22.9.2008

Erling Hall Hofsø: «Minneord Asbjørn Eidnes», Nordlys 9.7.2009

Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1942. Oslo 1967

Gunnar Reppen: «'Familieforetak' for språk og kultur», Harstad Tidende 1.9.2012

Først publisert: 16.09.2016
Sist oppdatert: 16.09.2016