Hopp til innhold
X
Innhald

Åse Lilleskare Faugstad

Åse Lilleskare Faugstad (f. 1941 i Dalekvam) debuterte med diktsamlinga Ved mitt altar i 1965. Ho er utdanna i språk og litteratur og har arbeidd som lektor på Voss og i Bergen. Hittil har ho gitt ut elleve diktsamlingar. Ho har også omsett dikt frå engelsk og omsett eigne dikt til engelsk. 

Dei tidlege dikta hennar handlar om relasjonar, om å sjå seg sjølv i forhold til andre. Utover 1970-talet blir ho merksam på problematikk knytt til roller og maktforhold, sjølv om ho ikkje går inn i den politiserte diktinga. Ho reflekterer over korleis mennesket er plassert i verda – som kvinne, mor og samfunnsborgar.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018