Hopp til innhold
X
Innhald

Aslaug Nyrnes

Aslaug Nyrnes, retorikk-, didaktikk- og sakprosaforskar som har gitt ny innsikt i både den nynorske og den dansk-norske skriftkulturen.

Nyrnes er fødd 27. november 1953 og voks opp i Lom. Ho har sidan 1982 vore tilsett ved Høgskolen i Bergen, der ho i 2007 blei professor i kunstfagdidaktikk. I 2006 fekk ho høgskulens forskingspris.
 
Nyrnes gav i 1985 ut boka Det (ny)norske mennesket. Ein litterær analyse av familiebladet For bygd og by, som byggjer på hovudoppgåva hennar i nordisk frå 1981 (Universitetet i Bergen). Her analyserer ho korleis det første nynorske vekebladet, For Bygd og By, hadde som prosjekt å definere ei «nynorsk kulturell norm», det vil seie å gi ei samla framstilling av kva landsmålskultur tidleg på 1900-talet var og burde vere.
 
I doktoravhandlinga Det didaktiske rommet. Didaktiske topologi i Ludvig Holbergs Moralske Tanker (2002) undersøkjer Nyrnes Holbergs didaktikk, det vil seie ideane hans om kulturutvikling, kunnskapsformidling og læring, slik dei viser seg i tekstane hans. Ho har også publisert artiklar om Knut Hamsun og Tor Jonsson.
 
Som leiar i Norsk kulturråds vurderingsutval for sakprosa (2005–2008) har Nyrnes kritisert kvaliteten på nyare norsk sakprosa generelt og på bakgrunn av dette formulert nye kriterium for god sakprosa.
 
Kjelder
Georg Arnestad: «Sakprosa til folket?» Bergens Tidende 31.08.2008
Nordica Bergensia 34, 2006 (inneheld innlegg i samband med doktordisputasen til Nyrnes, av Liv Bliksrud, Eivind Tjønneland og doktoranden sjølv)

Først publisert: 03.02.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013