Hopp til innhold
Astrid Krog Halse. Foto: Helge Halse, teke sommaren 2006, då var Halse 92 år gamal. Nytta etter avtale med Meldal.no.
Astrid Krog Halse. Foto: Helge Halse, teke sommaren 2006, då var Halse 92 år gamal. Nytta etter avtale med Meldal.no.
X
Innhald

Astrid Krog Halse

Astrid Krog Halse, lærar og lyrikar som skreiv dikt på Meldal-dialekt. Fleire av dikta hennar er tonesette av folkrockgruppa Gåte.

Astrid Krog Halse var fødd 25. januar 1914 i Meldal i Sør-Trøndelag. Ho døydde 7. februar 2007 i Trondheim. Etter husflidskule i Oslo og lærarskule i Nesna i Nordland arbeidde ho som lærar i Meldal, Hommelvik og Trondheim.

Halse gav ut den første diktsamlinga si i 1961, 47 år gamal. Marimesse vart den første av i alt elleve diktsamlingar. Den siste var Gardgras, som kom i 1994, då Halse var 80 år gamal. Dikt i samling, Målet hennar mor, kom i 2000.

«Eg gjømmer ein draum i mitt hjarte»

Eg gjømmer ein draum i mitt hjarte.
Ja, i hjartet mitt draumen bur.
Den er som ei lysande kjerte.
Kanskje noko eg vonar og trur.

Eg veit ikkje kor han kom frå.
Eg veit ikkje kva han vil.
Men dåggån er ljøse og gode
så lenge draumen er til.

Han ber meg på kvite vengjer.
Han ber meg til framande land.
Og eg strekkjer ut mine hender
og grip i ei ukjend hand!

Diktet «Eg gjømmer ein draum i mitt hjarte» av Astrid Krog Halse: Marimesse. Noregs Boklag 1961. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Diktsamlingane til Halse famnar breitt, frå muntre barneregler og naturopplevingar til dikt med mørkare emne, gjerne i eg-form. Ho skreiv dikt som handla om historiske og kvardagslege hendingar frå heimbygda, Meldal. Eit døme er diktet «Storofsin», som handlar om ein av flaumane som råka dalføret.

Halse skreiv på Meldal-dialekt og på nynorsk.

Mange av dikta hennar er tonesette av komponistar som Geir Tveitt, Paul Okkenhaug og Per Hjort Albertsen. Folkrockgruppa Gåte sine tonesetjingar av tekstane til Halse har nådd eit stort publikum. Lagnadstunge «Sjåaren» og «Fredlysing» på albumet Iselilja, frå 2004, er gode døme på det.

Halse fekk Meldal kommune sin kulturpris i 1998.

Kjelder

Anne Mari Svinsaas: «Hundreårsmarkering for Astrid Krog Halse», meldal.no: http://www.meldal.no/home/astrid-krog-halse-100-ar/ [lesedato 8.1.2018]

Astrid Krog Halse, artistside, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/astrid_krog_halse-39793/ [lesedato 10.1.2018]

Peikarar

«Med livsverket i hendene», adressa.no 

Da Capo. Astrid Krog Halse les dikt, nrk.no 

Først publisert: 13.04.2018
Sist oppdatert: 02.08.2018