Hopp til innhold
X
Innhald

Bodil Magdalena Dyb

Bodil Magdalena Dyb, lærar, lyrikar og kulturformidlar.

Bodil Magdalena Dyb var fødd i Ålesund 23. januar 1943, voks opp på Rovde på Sunnmøre og døydde i Oslo 5. mars 2016. Ho tok lærarskulen i Volda i 1968 og flytta til Kristiansand i 1971. Der arbeidde ho tidvis som lærar. Ho var med i politiske kvinnegrupper og var medarbeidar i Sørlandsk magasin. Kunstinteressa gjorde at ho òg engasjerte seg i det lokale kunstlivet. I 1982 var ho med på å starte Vennesla kunstforening.

 

Hennar eige kunstnarlege talent kjem til syne i forfattarskapen, særleg lyrikken. Ho gav ut tre diktsamlingar. Debuten kom i 1976 med I villhagen. I 1978 følgde Solfangaren og i 1988 I dette du rører ved. Dikta har både humoristiske og alvorlege tonar. Somme er ramma inn av naturstemningar, som «Den natta», andre gir uttrykk for framandgjering, til dømes «Husa». Mange av dikta er attgitt i antologiar for sørlandsdiktarar og lærebøker for skulen. Ho skreiv éin roman, Gjenkjennelsen (1999). Handlinga byggjer på hennar eigne erfaringar med overnaturlege fenomen, og personar og stader har til dels verkelege namn.

 

Dyb var musikalsk i mange sjangrar. Ho akkompagnerte på piano i revyar og anna underhaldning, skreiv salmar og sonettar og tekstar for kor og orkester. I 1990-åra samarbeidde ho nært med musikaren Lars Klevstrand. På cd-en Å, dette hjartet (1995) er det ho som har gjendikta dei napolitanske visene til nynorsk. I mange år var ho ein hyppig gjest som opplesar i radio.

 

Dyb brukte begge målformer i diktinga si. I nokre år skreiv ho under namnet Bodil Dyb Wedeld.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Karen Dyb Wedeld 6.9.2017

 

Vidar Parr: «Med røter på Rovdestranda», intervju med Bodil Magdalena Dyb. Synste Møre 19.12.2008 [lesedato 3.9.2017]

 

Bodil Magdalena Dyb: Gjenkjennelsen. En beretning om kontakt mellom sjeler. Oslo 1999. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/4891af5405381e97417b87da774fd574?index=1#0 [lesedato 3.9.2017]

 

Peikarar

NRK TV: «Ti minutter med Bodil Dyb Wedeld», tv.nrk.no

Først publisert: 09.01.2018
Sist oppdatert: 25.08.2018