Hopp til innhold

Conrad Clausen

Conrad Gudrow Clausen, kulturkraft og lærar. I fleire tiår redigerte han både lokalavis og lokalhistorisk tidsskrift, arbeidde i Vestmannalaget og leidde Norges Fredslag.

Clausen var fødd 21.november i 1902 i Tacoma i USA og døydde 27.mai 1990. Han tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1925 og var i alle dei år lærar på Askøy, der han også dreiv gard.
 
Han redigerte Ung-Norig 1935–36 saman med Olaf Hanssen. Saman med Arne Bjørndal gjorde han som redaktør og bidragsytar gjennom 42 år Frå Fjon til Fusa til eit godt historietidsskrift 1948–90. Attåt gard og skule redigerte han også lokalavisa Askøy Tidend 1952–78.
 
Clausen var formann i Nygardsringen, eit lag som fremja kjennskapen til diktaren Olav Nygard, i Norges Fredslag 1950–75 og i Nord- og Midhordland Sogelag 1950–84, og han la ned eit stort arbeid i Vestmannalaget, der han var æresmedlem frå 1977. Clausen fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1972.
 

Kjelder

Jon Askeland og Jo Gjerstad (red.): Det er landet og soga som kallar. Minneskrift Conrad Clausen 1902–2002. Bergen 2002
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Conrad Clausen på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 13.09.2019