Hopp til innhold
Dag Helleve
Dag Helleve
Foto: Det Norske Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Dag Helleve

Dag Helleve, lærar, naturvernentusiast og forfattar som skriv om musikk, natur og politikk, og som har gitt ut både sakprosa og skjønnlitteratur.

Dag Helleve er fødd 9. desember 1951 på Voss og er busett der. Han er utdanna cand.mag. frå Universitet i Bergen med faga engelsk, norsk og samfunnsfag (1974–77). Helleve har arbeidd som anleggsarbeidar for NVE (1977–80), lærar i ungdomsskulen 1981–2000 og er frå 2000 tilsett ved Voss jordbruksskule.
Han debuterte i 1985 med romanen Brøyt, som skildrar eit moderne anleggsmiljø på Vestlandet og vidarefører noko av tradisjonen etter Kristofer Uppdal og Kjartan Fløgstad. I fleire av bøkene blir det spelt på motsetnader mellom arbeidarkulturen og den nye ungdoms- og underhaldningskulturen. Spenningsromanen Sjakta (1988) er òg lagd til eit anleggsmiljø. Novellesamlinga Yetien kom i 1990, deretter romanane Zephir (1991) og Svevet (1995). Helleve skildrar naturen og forholdet menneska har til han, og fleire av bøkene har allusjonar til musikk.
Jazz-romanen Vegen til Molde kom i 1986, og han har gitt ut fagbøkene Skrivestadier (1989) og Norske LP-omslag 1959–1990 (1991). Helleve har skrive fire reisebøker frå USA, Irland, Belgia og Finland (1992–2003) saman med Per Olav Kaldestad og Ragnar Hovland.
Barneboka Kubanaren kom i 1999. Det er ei medrivande, sår og fantasifull forteljing om å vere skuletrøytt, utanfor og dårleg i matematikk, men òg om eit alligatorliknande vesen med appetitt for tal.
Helleve fekk Nynorsk barnelitteraturpris for Kubanaren. Boka er omsett til tysk.
Kjelder
E-post frå Dag Helleve 23.6.2011
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1998
Dag Helleve, forfattarside, Samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/H/Dag-Helleve.aspx [lesedato 22.6.2011]
Peikarar

Først publisert: 10.11.2011
Sist oppdatert: 13.04.2018