Hopp til innhold
Dagmar Blix
Dagmar Blix
Foto: NRK. Nytta med løyve frå NRK.
X
Innhald

Dagmar Blix

Dagmar Blix, lærar og forfattar frå Lofoten, har skrive over 20 bøker, mest for barn og ungdom, og er rekna som ein av dei sentrale barnebokforfattarane i Nord-Noreg. Forankra i ein eldre forteljartradisjon ville ho formidle dei fortidige livsvilkår på kysten i nord til ein ny generasjon.

Blix var fødd i Hol i Lofoten (Vestvågøy) 28. september 1900 og døydde 3. april 1984. Etter folkeskulen og eitt år på Vågan folkehøgskule tok ho eksamen ved Tromsø lærarskule i 1922. Frå 1923 arbeidde ho som lærar i folkeskulen i Stamsund i Lofoten gjennom 40 år.
48 år gammal debuterte ho med Prinsesse Gullhjarte og andre eventyrspel (1948). I alt vart det seks bøker med dramatiseringar av eventyr. I den første forteljingsboka, I fjell og fjære (1966), skildra ho som i fleire av dei seinare bøkene sitt eige barndomsmiljø. Ho skreiv òg samtidsskildringar for barn og ungdom. Dei fleste barnebøkene hennar kom i den store blømingstida for nordnorsk litteratur på 1970-talet.
Ho har gitt ut to diktsamlingar. Den første, Vargtid (1961), var ei samling dikt frå krigsåra. I Eg elskar livet (1976) skreiv ho om naturen og kjærleiken.
Dagmar Blix gjorde ein stor innsats med å samle og gi ut folkeminne frå Lofoten. Dette tradisjonsstoffet har ho formidla i Draugen skreik (1965) og Gamle Lofoten (1975) og i fleire kulturhistoriske artiklar. Ho var aktiv bidragsytar til Norsk Målførearkiv ved Universitetet i Oslo.
Engasjementet hennar for målsaka bygde på ei tenking om at nynorsken låg nærmare den nordnorske dialekten enn bokmålet. Ho skreiv nynorsk med nærleik til lofotdialekten, og det tente til å styrkje miljøskildringane hennar.
Gjennom åra heldt ho ei rekkje radiokåseri i NRK, og ho skreiv og framførte mange prologar og festtalar ved ymse høve. Høvesdiktinga hennar var òg viktig for den posisjonen ho fekk.
I 1977 fekk Dagmar Blix som den første kulturprisen frå Vestvågøy kommune. I 1979 vart ho tildelt Blixprisen.
Kjelder
Lars Beite (red.): Norske skolefolk, bd. 1. Stavanger 1966
Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
Gudmund Hovdenak: Nordnorsk barne- og ungdomslitteratur. Tromsø 1989
Lófotr. Årbok for Vestvågøy historielag. 1981
Finn Stenstad: Fram fra de hundrede mile. Nordnorsk litteratur fra 1945 til 1992. Oslo 1992
Dag Sørli: «Ho Dagmar i Storfjorden», Lofotboka 1979

Først publisert: 25.10.2011
Sist oppdatert: 11.04.2018