Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Befring

Edvard Befring er den første professoren i spesialpedagogikk i Noreg, og han har markert seg som forskar internasjonalt. Førebygging av problemåtferd og kravet om eit verdig liv for barn og unge er viktige mål i arbeidet hans.

Edvard Befring er fødd 11. mai 1936 i Stardalen i Jølster i Sogn og Fjordane. Han vart student ved Universitetet i Oslo i 1958, cand.mag. i matematikk og fysikk i 1961, og han tok magistergradseksamen i pedagogikk i 1965 med avhandlinga Frå tukt og barnehus til skoleheimsinstitusjonen. Befring vart dr.philos. i 1971 med avhandlinga Ungdom i et bysamfunn. En spesialpedagogisk studie av Osloungdom.
Han starta karrieren som vitskapleg assistent ved Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo, der han vart universitetslektor frå 1966 og to år seinare førsteamanuensis. I 1973 fekk Befring eit professorat i pedagogisk psykologi ved Aarhus Universitet. Frå 1976 vart han rektor ved Statens spesiallærarhøgskule og frå 1987 professor i spesialpedagogikk same staden. Då Statens spesiallærarhøgskule vart skipa om til Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo i 1990, heldt Befring fram som professor der.
Befring har engasjert seg i ordskiftet om barn og unge sine kår og har skrive fleire bøker og artiklar i ulike tidsskrift. Han nyttar begge målformene. Befring er ein god pedagog og har vore gjesteførelesar fleire stader.
Han har hatt fleire verv. I perioden 1978–84 var han medlem av Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og frå 1994 til 2000 nestleiar i Norsk kulturråds styre for kultur og helse. Befring har vore leiar av fleire utval i Noregs offentlege utgreiing (NOU) og har hatt oppgåver for UNESCO, UNICEF og Europarådet.
Befring fekk den islandske riddarkrossen i 1990 og Institutt for spesialpedagogikk sin formidlingspris i 1998. I 2005 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2007 fekk han Jonasprisen frå Institutt for spesialpedagogikk for å ha fremja informasjon om funksjonshemma og funksjonsdiskrimerte.
Instituttbyggjar og fagarkitekt
Då han var tilsett ved Aarhus Universitet, arbeidde Befring mellom anna med eit prosjekt om ungdom i Reykjavik og rettleidde islandske psykologistudentar. Dette stimulerte til framveksten av eit spesialpedagogisk fagmiljø på Island.
I rektortida ved Spesiallærarhøgskulen, der han etter kvart vart den første norske professoren i spesialpedagogikk, oppretta han hovudfagstilbod, embetsstudium og doktorgradsstudium. Han arbeidde òg for etablering av nye studieeiningar om spesialpedagogiske tiltak for ulike grupper funksjonshemma. Ved Universitetet i Oslo har Befring gjort ein viktig innsats mellom anna med forskingsprogrammet «Oppvekst, problemåtferd og inkludering».
Samhandling og meistring
Befring har interessert seg for barnehage- og skulepedagogikk og er oppteken av lærarane og førskulelærarane si viktige rolle. Eit sentralt interessefelt i forskinga hans er førebygging av problemåtferd. Snarare enn å vere snevert individfokusert, legg han vekt på samhandlinga i det psyko-sosiale miljøet i analysen av relasjons- og meistringsproblem.
Mykje av forskinga til Befring tek utgangspunkt i norske forhold, men han har òg lagt vekt på arbeid med analyse av problem i eit internasjonalt perspektiv. Eit døme er eit samarbeidsprosjekt tidleg i 1990-åra om tospråkleg undervisning.
Kompetanseutvikling i barnevernet
I NOU 2004 kom undersøkinga av omsorgssvikt og overgrep i spesialskular og barneheimar i tidsrommet etter andre verdskrigen og fram til 1980. Her vart det avdekt graverande og uverdige forhold ved norsk barneomsorg, som i nokre tilfelle fekk rettslege etterspel. Befring er ein kritisk og uredd forskar, med evne til å tenkje konstruktivt. I NOU 2009 leverte utvalet hans utgreiinga om kompetanseutvikling i barnevernet.
I 2010 kom boka Sårbare unge – nye perspektiver og tilnærminger, der han var redaktør saman med Ivar Frønes og Mari-Anne Sørlie. Fleire forskarar frå ulike fagfelt har skrive artiklar om mellom anna traumeforsking, mobbing og stressforsking, og Befring sjølv er representert med ein artikkel om barnevernet i historisk perspektiv.
Kjelder
Edvard Befring: Ungdom i et bysamfunn. En spesialpedagogisk studie av Osloungdom. Oslo 1972
Edvard Befring ofl. (red.): Sårbare unge – nye perspektiver og tilnærminger. Oslo 2010
«Heder til Edvard Befring», Uniform, uniform.uio.no, publisert 3.3.2005,
Reidun Tangen: «Edvard Befring», snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Edvard_Befring/utdypning [lesedato 2.5.2011]

Først publisert: 30.09.2011
Sist oppdatert: 03.01.2019