Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Liljedahl

Edvard Apolloniussen Liljedahl, lærar og postmeister, stortingspresident og statsråd, som sat på Stortinget i nitten år, mellom 1880 og 1909.

Edvard Liljedahl var fødd i Vik i Sogn 6. august 1845 og døydde der 10. oktober 1924. Med eksamen frå lærarskulen i Balestrand i 1864 og seminaret på Stord i 1866 vart han kyrkjesongar og lærar i Kyrkjebø frå 1867 til 1889. Mange av desse åra var han òg gardbrukar, organist og ordførar.
Frå 1880 representerte Liljedahl Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) på Stortinget. Som mange andre vestlendingar sokna han til den lågkyrkjelege og moderate delen av venstrerørsla. Han var nær knytt til Jakob Sverdrup, og han var trufast mot Johan Sverdrup då statsministeren mot slutten av karrieren tapte tillit hos dei radikale i Venstre. I stortingsdebattane om diktarløn til Alexander Kielland stod Edvard Liljedahl saman med Lars Oftedal i spissen for motstanden.
Frå 1891 var Liljedahl postmeister i Ålesund og frå 1901 til 1904 i Bergen. Han var odelstingspresident i 1899–1900 og stortingspresident i 1900–03 og 1908–09. I to korte periodar var han statsråd. Frå mars til juli i 1889 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm og styrte revisjonsdepartementet, og frå februar 1912 til januar 1913 var han kyrkjeminister.

Først publisert: 18.10.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013