Hopp til innhold

Einar Arne

Einar Arne, folkehøgskulelærar og -styrar, var ein sentral person i ungdoms- og fråhaldsarbeidet midt på 1900-talet.

Arne var fødd 11. desember 1898 i Ytre Arna og døydde i Flekkefjord i 1969. Han tok utdanning ved lærarskulen på Stord i 1921 og tok så fatt på eit livslangt yrke som folkehøgskulelærar. Etter eitt år ved Øystre Slidre framhaldsskule og fire år ved Ytre Sogn folkehøgskule vart Arne i 1926 tilsett ved den frilyndte Møre folkehøgskule i Ørsta, der han var styrar frå 1927 til 1958.
 
Arne var ein framståande person i den store motkulturrørsla i mellomkrigstida, der norskdom, fråhald og ungdomslagsarbeid var merkesaker. Særleg fråhaldssaka engasjerte Arne. Han sat ei tid som nestleiar for Det norske totalavholdsselskap og gav ut fleire skrifter om fråhald, mellom anna Praktisk fråhaldsarbeid (1943). I kring 20 år var han også redaktør for Ungdomsvon, bladet til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.
 
Arne var gift med Solveig Seland, eine dottera til forfattaren Hans Seland. Då Arne slutta som styrar ved Møre folkehøgskule, flytta han og kona til Seland ved Flekkefjord, der Solveig kom frå, og her vart dei buande resten av levetida si. Dei siste åra sysla Arne med historie. Han skreiv boka Norsk folkehøgskule i 100 år. 1864–1964 (1964), og han biograferte svigerfar sin i Hans Seland. Diktaren og mennesket (1966).
 
Kjelder
Karl Bakke (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1952
Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
Odd A. Steinvåg, e-post 16.12.2008
 
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013