Faktaboks

Elias Blix

Elias Blix Pedersen

Fødd
24. februar 1836, Gildeskål, Nordland
Død
17. januar 1902, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Salmediktar, teolog, filolog og politikar
Familie

Foreldre: Småbrukar og fiskar Peder Christophersen (1804–39) og Margrethe Christophersdatter (1808–57).

Gift 1871 med Emma Alvilde Marie Hansen (20.04.1849–16.07.1927), dotter av snekkarmeister Hans Mathias Hansen og Marie Saxen.

Far til Ragnvald Blix (1882–1958).

Portrett av Elias Blix

Elias Blix var ein norsk teolog, professor og politikar. Han er likevel langt meir kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Blix står som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk, gjennom salmar som fedrelandssalmen Gud signe vårt dyre fedreland og vårsalmen No livnar det i lundar og gjennom omsetjinga av Det nye testamentet.

Bakgrunn

Elias Blix var fødd på Sandhornøy i Gildeskål i Nordlands amt (no Nordland). Foreldra var fiskarbonde Peder Christophersen (1804–1839) og Margrethe Christophersdatter (1808–1857). Dei var ikkje av slekta Blix, men Elias fekk navnet Blix som oppkalling etter fosterbroren til mora. Elias Blix gjekk lærarseminaret i Tromsø frå 1853 til 1855. Etter nokre år som lærar i Tromsø drog han til Kristiania, der han tok examen artium i 1860, examen philosophicum i 1861, teologisk embetseksamen (cand.theol.) i 1866 og praktisk-teologisk eksamen i 1868. Han blei likevel ikkje ordinert til prest, men arbeidde som lærar både under og etter studiet.

I åra 1871 til 1872 studerte han semittiske språk og gammaltestamentleg teologi i Leipzig i Tyskland. I 1876 oppnådde han graden dr.philos. med avhandlinga De vigtigste Udtryk for Herre og Fyrste i de semitiske Sprog. I 1879 blei han ekstraordinær professor i hebraisk ved universitetet i Kristiania (no Universitetet i Oslo).

Med unnatak av åra 1884 til 1888, då Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering, underviste han i hebraisk og bibelfag ved universitetet. Blix var hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet.

Blix var gift med Emma Hansen (1849–1927). Dei fekk ni born, av dei levde sju opp. Den mest kjende er karikaturteiknaren Ragnvald Blix. Ei minnestøtte over Blix står på Blixtunet ved Våg i Gildeskål.

Lærar

Blix arbeidde som lærar i 25 år, og det ligg ein pedagogisk tanke bak mykje av det han utretta. Han blei tidleg målmann og var med i det første styret for Det Norske Samlaget frå 1868. Når han skreiv salmar eller omsette Bibelen og katekisma til landsmål, var det ikkje minst for å gi skuleborna klassiske religiøse tekstar i ei språkform som låg nær talemålet deira. Opplæringsmålet i skulen var framleis reint dansk då Blix gav ut dei første salmane sine.

Diktar

Det første heftet av Nokre Salmar. Gamle og nye kom ut i 1869, med dels originale, dels omsette salmar. I 1870 og 1875 kom to hefte til. Ei samla og utvida utgåve kom i 1883 og blei trykt opp att i 1887 (2. og 3. utgåva). Først i 4. utgåva (1891) sette Blix namnet sitt på tittelbladet. Dermed var Nokre Salmar blitt ei nynorsk salmebok med 150 salmar til heile kyrkjeåret. I 1892 blei salmesamlinga autorisert til bruk ved sidan av dei eldre salmebøkene i kyrkjelydar som gjorde vedtak om det. Samlinga blei òg trykt som tillegg til Landstads salmebok og blei nummerert i flukt med den.

I 1900 gav Blix ut 50 nye salmar og nokre andre dikt i Salmar og Songar. Den norske kyrkja er blitt ei av dei største suksesshistoriene til målrørsla, noko Blix har mykje at fortenesta for. I Norsk Salmebok (1985) er 40 prosent av tekstane på nynorsk, og Blix er den opphavsmannen som har flest tekstar i boka. I Norsk salmebok 2013 er han representert med 34 originale tekstar og 15 gjendiktingar.

Naturen og Bibelen var dei to store inspirasjonskjeldene. Blix nyttar motiv og forteljingar frå Bibelen i nye og overraskande kombinasjonar, ofte på ein måte som flyttar dei frå Midt-Austen og inn i eit norsk kyst- eller fjellandskap.

Blix skreiv òg songen Barndomsminne frå Nordlandeller Å eg veit meg eit land, som er ei kjærleikserklæring til den nordlege landsdelen. I tillegg til denne er ei rad salmar av Blix enno i flittig bruk: No livnar det i lundar, Gud signe vårt dyre fedreland; Kling no, klokka; No koma Guds englar; Ljos yver grav; Himmelske Fader, herleg utan like; Med Jesus vil eg fara; Jesus, du er den himmelveg; Syng i stille morgonstunder; og No soli bak om blåe fjell.

Bibelomsetjar

Blix har vore særleg viktig som salmedikter og som bibelomsetjar til landsmål. Saman med Ivar Aasen gjorde Blix pioneromsetjinga Apostelen Pauli Brev til Romararne (1882). Saman med Johannes Belsheim og Matias Skard var desse to også ansvarlege for den første fullstendige nynorske utgåva av Det nye testamentet (1889, i bokform 1890). I 1899 gav Blix ut ei «Ny, gjenomsedd Utgaava» for Det Norske Bibelselskap. Av Det gamle testamentet rakk han berre å omsetje ein del av Salmane. I tillegg omsette han Dr. Martin Luthers litle katekisma (1890). Som bibelomsetjar hadde Blix styrken sin i eit nøyaktig arbeid med grunnteksten og ei evne til å finne nynorske ord og uttrykk som hadde ein «bibelsk» og tradisjonell klang.

Vitskapsmann og politikar

Blix publiserte berre eitt større vitskapleg arbeid, doktoravhandlinga De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog. Et Bidrag til semitisk Etymologi (1876). Den viktigaste innsatsen sin for høgare utdanning og forsking gjorde han som mangeårig leiar for Videnskabs-Selskabet i Christiania (no Det Norske Videnskaps-akademi) og som statsråd.

Blix gjekk inn i Johan Sverdrups Venstre-regjering 26. juni 1884 og gjekk av 24. februar 1888. Bortsett frå eitt år ved statsrådsavdelinga i Stockholm var han kyrkje- og undervisningsminister det meste av tida. Den fremste politiske innsatsen sin gjorde han for målsaka og universitetet. I dei store kyrkje- og skulespørsmåla var det statsministeren og hans nevø Jakob Sverdrup som sette dagsorden. I det teologiske var Blix konservativ, men han var radikal i målsak og politikk.

Seinare var Blix medlem og leiar i skulestyret i hovudstaden, og han gjorde ein viktig kulturpolitisk innsats mellom anna i Det Norske Samlaget og Den norske Forfatterforening.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, A.M.: «Elias Blix og den klassiske nynorske lyrikken» i Kirke og kultur 107 (2002), s. 535–546
  • Aschim, Anders: Ein betre vår ein gong : Elias Blix : Biografi (2008)
  • Berggrav, Eivind: Elias Blix : kristentypen og personligheten (1936)
  • Bolling, Reidar: Elias Blix (1953)
  • Djupedal, Reidar: «Elias Blix og salmane hans» i Blix, E.: Der eit fjell stig mot sky (1968) s. 191–208
  • Elseth, Egil: Elias Blix : Verk og virke (1989)
  • Elstad, Hallgeir: «Elias Blix : ei livssoge» i Kirke og kultur 107 (2002), s. 523–534
  • Halse, Per: Gudsord og folkespråk : Då nynorsk vart kyrkjemål (2011)
  • NBL 2. utg.
  • Nicolaysen, Bjørn Kvalsvik: «Den nord-norske frelsesopplevinga i salmediktinga til Elias Blix» i Kirke og kultur 107 (2002), s. 547–568
  • Rynning, Paul Emil: Salmediktingi i Noreg, b. 2: Tidi etter 1814 (1954)

Faktaboks

Elias Blix
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045156883

Kommentarar (3)

skreiv Sverre Olav Lundal

Barndomsminne frå Nordland (Å eg veit meg eit land) meiner eg må koma med i ein artikkel om Elias Blix.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg