Hopp til innhold
Foto: Paul Paiewonsky/ Nærings- og fiskeridepartementet
Foto: Paul Paiewonsky/ Nærings- og fiskeridepartementet
X
Innhald

Elisabeth Aspaker

Elisabeth Aspaker, adjunkt, stortingsrepresentant for Høgre frå Troms og påtroppande fylkesmann i Troms.

Elisabeth Aspaker er fødd 16. oktober 1962 i Harstad i Troms. Ho gjekk på Heggen videregående skole i 1978–81, tok lærarutdanning ved Tromsø lærerhøgskole i 1981–84, mediefag og matematikk ved distriktshøgskolen i Volda / Tromsø lærerhøgskole i 1984–85 og organisasjon og leiing ved høgskolen i Harstad i 2001–04.

Ho arbeidde som adjunkt ved Skånland sentralskole på Evenskjer i 1985–86, var bistandspolitisk sekretær i Høgres Studieforbund i 1987–89, personleg sekretær i Justisdepartementet i 1989–90 og tilsett som adjunkt ved Seljestad ungdomsskole i Harstad i 1990–2001, men ho hadde permisjon for å vere fylkesvaraordførar i Troms i perioden 1995–99. Ho var politisk rådgivar i Utdannings- og forskingsdepartementet i 2001–04 og statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i 2004–05. Sidan 2005 har ho vore stortingsrepresentant for Høgre frå Troms. Aspaker har hatt to ministerpostar i Solberg-regjeringa, fiskeriminister frå 2013 til desember 2015, og EØS- og EU-minister frå desember 2015 til desember 2016.

Ho blir fylkesmann i Troms i 2017 når stortingsperioden 2013—17 er over.

Aspaker var leiar av Harstad Unge Høgre i 1980–81, leiar av Troms Unge Høgre i 1983–84, medlem av sentralstyret til Unge Høgre i 1984–86 og nestleiar i 1986–90. Ho var medlem av styret i Troms Høgre i 1983–84, ungdomssekretær i Troms Høgre i 1983–85, medlem av sentralstyret i partiet i 1986–91 og nestleiar i 1994–98. Ho var kommunestyrerepresentant for Høgre i Harstad og medlem av fylkesutvalet i Troms i 1991–95, fylkesvaraordførar i Troms i 1995–99 og medlem av formannskapet i Harstad i 1999–2001, og ho har vore leiar for sentrale utval i partiet. Ho var vararepresentant til Stortinget i 1989–93 og i 1997–2001 og har vore vald inn på fast plass i periodane frå 2005 til 2017. I den første perioden var ho medlem av justiskomiteen og i den andre i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, og ho var skulepolitisk talsperson for Høgre.
Politisk har Aspaker spesielt vore oppteken av skulepolitikk og vil styrkje statusen til lærarane. Ho vil òg auke oljeaktiviteten i nord og byggje nye og betre vegar. Aspaker har lang politisk erfaring, er utoverretta og hardtarbeidande.
Aspaker har hatt ei rekkje offentlege verv og tillitsverv i organisasjonar. Ho var mellom anna medlem i styret for norske ungdomsorganisasjonar i 1987–89 og medlem av styret i Troms Idrettskrets i 1996–97 og 1999–2000. Ho var medlem av Kommunanes Sentralforbund sitt landsstyre og sentralstyre i 1996–2001, 2. visepresident i Norges idrettsforbund og olympiske komité i 1996–99, medlem av styret for Alkokutt i 1997–99 og leiar av styret for Harstad kulturhus i 2000–10. Aspaker blei æresambassadør for Harstad i 1997.
Kjelder
Elisabeth Aspaker, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=EAS [lesedato 18.10.2013]
Om Elisabeth Aspaker på regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fkd/dep/fiskeriminister-elisabeth-aspaker.html?id=742932 [lesedato 20.10.2013]
Peikarar

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 21.02.2017