Hopp til innhold

Endre Otto Brunstad

Endre Otto Brunstad, allsidig språkforskar ved Universitetet i Bergen og tidlegare leiar av Noregs Mållag.

Endre Otto Brunstad er fødd 1. juni 1967 i Sykkylven, der han gjekk på vidaregåande skule i 1983–1986. Han blei cand.philol. i nordisk ved Universitetet i Bergen i 1994, med historie og sosialantropologi i fagkrinsen. I 2001 blei han dr.art., med avhandlinga Det reine språket. Om purisme i dansk, svensk, færøysk og norsk.
Brunstad har vore førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og førsteamanuensis II ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa sidan 2005. Han har mellom anna forska på emne som norskspråkleg hiphop og det uklare opphavet til ordet «pingle».
Som leiar i Noregs Mållag (2003–2005) ville han sikre nynorsken som obligatorisk sidemål, utvide det nynorske bruksområdet og gjere vestlandsbyar til nynorskområde. Mellom anna starta han i 2005 ein kampanje for nynorsk i Verdens Gang og Dagbladet. Trass i 36 000 underskrifter førte det ikkje til noka stor endring. Han lykkast derimot med statusen til nynorsk som obligatorisk sidemål, og i 2005 blei bokmålskommunen Bergen erklært språknøytral.
Kjelder
Personleg korrespondanse (om utdanning)
Marie Aubert: «Hiphop er typisk norsk», Bergens Tidende, publisert 22.02.2007, http://www.bt.no/kultur/musikk/Hiphop-er-typisk-norsk-342722.html [lesedato 31.05.2010]
«Endre Brunstad er ny leiar i Noregs mållag»,  Noregs Mållag, publisert 06.04.2003, http://www.nm.no/tekst.cfm?id=1661 [lesedato 31.05.2010]
«Endre Brunstad attvald som leiar i Mållaget», Noregs Mållag, publisert 25.04.2004, http://www.nm.no/tekst.cfm?id=1447 [lesedato 31.05.2010]
Ottar Grepstad: «Eit språk blir til: 2004», publisert 22.10.2009, http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=22&id=589 [lesedato 31.05.2010]
Ottar Grepstad: «Eit språk blir til: 2005», sist oppdatert 29.05.2010, http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=22&id=590 [lesedato 31.05.2010]
«Pingle – en språklig utfordring», intervju med Norgesglasset (P2), publisert 23.08.2002, http://www.nrk.no/programmer/radio/norgesglasset/1.893115 [lesedato 31.05.2010]
«Purisme i nordiske språk», pressemelding om disputas, Universitetet i Bergen,  http://www.uib.no/info/dr_grad/2001/Brunstad.htm [lesedato 31.05.2010]
Profil hos Universitetet i Bergen,  sist oppdatert 08.10.2007, http://www.hf.uib.no/i/Nordisk/ansatte/Brunstad/brunstad.html [lesedato 31.05.2010]
«Vil ha nynorsk i VG og Dagbladet», Nettavisen, publisert 15.04.2005, http://pub.tv2.no/nettavisen/it/article374492.ece [lesedato 31.05.2010]

Først publisert: 31.07.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013