Faktaboks

Erik Eggen
Fødd
17. november 1877, Trondheim, Trøndelag
Død
7. juni 1957, Ringsaker, Innlandet

Erik Eggen var lektor, dirigent, komponist og forfattar. Han tok doktorgrad i nordisk mellomaldermusikk og omsette fleire klassiske tekstar til nynorsk.

Erik Eggen var bror til komponisten Arne Eggen.

Bakgrunn

Eggen tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1898. Deretter underviste han i Nedre Eiker, tok artium i 1904 og var folkehøgskulelærar i Seljord frå 1906. Eggen arbeidde ved privatgymnaset på Voss frå 1913 og ved Voss offentlege landsgymnas frå starten i 1916.

Han tok filologisk embetseksamen i 1914, og i 1925 vart han dr.philos. på ein studie om skalaer i nordisk mellomaldermusikk. Tittelen på avhandlinga var Skalastudier. Studier over skalaens genesis på norrønt område (1923).

Komponist og dirigent

Klassisk danning gjekk for Eggen hand i hand med norrøne tradisjonar og norsk bygdekultur. Tidleg gav han ut Tri syngjespel (stevleikar) for ungdomslag (1910) og ein biografi om Edvard Grieg (1911). Eggen framheva det intime sambandet mellom Grieg og norske folketonar.

Voss vart han krumtappen i eit aktivt musikkliv – ikkje minst gjennom symfoniorkesteret Fossegrimen, som han skipa i 1917. Rundt 1930 samla han i sommarferiane folketonar i Valdres.

Forfattarskapen

Frå Bibelen sette Eggen om fleire poetiske tekstar. Han presenterte Høgsongen som drama med replikkar alt i 1900 og sette om Jobs bok til den første nynorskbibelen (Fyrebilsbibelen)i 1921. Til olsok i 1919 gjendikta han «Lux illuxit laetabunda» frå Olavs-liturgien. Av Shakespeare sette Eggen om Jonsokdraumen (1912) og Kong Rikard den tridje (1919).

Andre viktige utgivingar var Latinsk-norsk ordliste for gymnaset (1920) og Norsk musikksoge (1923). Den sistnemnde var basert på stoff Eggen tidlegare hadde presentert i Norsk Toneblad, som han redigerte frå 1910 til 1917.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gieverholt, Dag (1977): «Erik Eggen – vossalektor, folkemusikkgranskar og toneskald», Gula Tidend 24.11.1977
  • Halse, Per (2017): «Mellomalderlys. Lux illuxit, kristne kvad og salmesong», Vagant nr. 1–2/2017
  • Aarset, Terje (1977): «Erik Eggen – eit hundreårsminne», Adresseavisen 18.11.1977

Faktaboks

Erik Eggen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037106007026

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg