Hopp til innhold
Grete Kleppen. Foto: Samlaget. Nytta etter avtale.
Grete Kleppen. Foto: Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Grete Kleppen

Grete Kleppen er forfattar, omsetjar og lektor. Med ein leikande stil vekslar skildringane hennar mellom det nære, personlege og det fjerne, gåtefulle.

Grete Kleppen er fødd 8. desember 1953 i Molde. Ho er cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1974–82), og har sidan 1996 vore lektor ved universitetet i Caen i Normandie. Kleppen har vore medforfattar for lærebøker i fransk og har òg omsett fleire skjønnlitterære bøker frå fransk, mellom anna romanar av forfattarane Hélène Cixous og Jacques Attali.

Kleppen sine eigne litterære verk er skrivne på nynorsk og inneheld både samtidsskildringar, historiske tilbakeblikk, hendingar frå eige liv og fantasifulle, absurde innslag. Forfattaren er ein leikande forteljar, som skildrar både menneske og omgivnader fargerikt, sanseleg og presist. Ho har ein lett og ledig språkstil, med innslag av både humor og poetiske vendingar.

I debutromanen Ada (1998) har hovudpersonen som prosjekt å samle inn livshistorier frå heilt ulike personar og miljø. Blå fuge for far min (2010), er eit nært og fint farsportrett av ein skomakar og musikkelskar frå Molde. Uventa vendingar (2015) handlar om ein forfattar som overvintrar på ei øy i havgapet for å kunne skrive i fred og ro. Romanen er springande i tid og rom og tek stadig irrasjonelle og uventa vendingar, samstundes som ei rekkje fasinerande og fargerike karakterar stig fram.

Kleppen fekk i 2007 Bastianprisen for omsetjinga av Hélène Cixous sin roman Blendverk. Opphavlege scenar.

 

Kjelder

E‑post frå Grete Kleppen 19.11.2019

 

Grete Kleppen, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/grete-kleppen [lesedato 13.11.2019]

 

Peikarar

Grete Kleppen, medverkande eller forfattar av bøker hos Nasjonalbiblioteket, nb.no

Romsdals Budstikke: «Grete Kleppens franske debut», rbnett.no, publisert 29.3.2007

Først publisert: 04.03.2020
Sist oppdatert: 06.03.2020