Hopp til innhold
X
Innhald

Gudmar Eikenes

Gudmar Eikenes, lærar og skulesjef i Gloppen, som har synt eit brennande engasjement for musikklivet i Sogn og Fjordane.

Gudmar Eikenes er fødd 14. juni 1941 i Oslo. Han er oppvaksen i Råde i Østfold og i Haus i Nordfjord og har sidan 1973 hatt tilhald på Sandane i Gloppen. Eikenes er utdanna lærar frå Volda lærarskule (1967). I tillegg har han pedagogikk mellomfag frå Universitetet i Oslo (1970) og halvårseiningar i norsk og informatikk frå Sogndal lærarskule, frå høvesvis 1975 og 1976.
Storparten av arbeidslivet har Eikenes hatt i skulen. Han underviste ved Vågsøy ungdomsskule (1967–73) og Gloppen ungdomsskule før han var undervisningsinspektør og rektor ved den sistnemnde i 1980–95. Han var skulesjef i Gloppen kommune i 1995–2009.
Eikenes er ein svært aktiv bidragsytar i administrasjonen av både skule og kulturliv. I 1974–84 var han formann i Nordfjord musikkrins, der han var med på å skipe Sogn og Fjordane musikkråd, som han leidde i 1980–88. Som styreleiar for Norsk musikkråd (1987–95) arbeidde han aktivt for etablering og lovforankring av kommunale musikk- og kulturskular. Han var òg mellom pådrivarane for skipinga av Opera Nordfjord i 1998. Sidan skipinga og fram til 2012 har han vore styreleiar for stiftinga, som har til hovudmål å produsere årlege operaframsyningar. Frå 2009 har framsyningane vore haldne i Operahuset Nordfjord, den einaste operasalen i landet utanom Nasjonaloperaen. For Gloppen Kammermusikkfestival, seinare Gloppen Musikkfest, var han den første styreleiaren, frå skipinga i 2001 og fram til 2010.
Eikenes har elles vore fylkesleiar for Sogn og Fjordane i Norsk skuleleiarforbund, (2001–10) og har sete i fylkesstyret for Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane (2001–11).
Kjelder
E-post frå Gudmar Eikenes 24. og 25. august 2010, 10. og 21. april 2012

E-post frå Kari Standal Pavelich 10. april 2012

Først publisert: 27.06.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018