Hopp til innhold
X
Innhald

Halfdan Asphaug

Halfdan Asphaug var lærar, folkehøgskulestyrar og redaktør av fleire nynorskaviser og -blad.

Halfdan Asphaug var fødd 21. august 1887 på Hitra i Sør Trøndelag og døydde 15. desember 1964 i Sandefjord. Han var ferdig uteksaminert frå Troms lærarskule i 1909. Han var lærar ved Lom forsettelsesskole 1910–11 og Agder Folkehøyskole 1911–13. Så arbeidde han 15 år som lærar ved Østfold Folkehøgskole (1913–28), utanom åra 1920–21, då han hadde permisjon for å gå på lærarhøgskulen i København. Samstundes som han var lærar ved Østfold Folkehøyskole underviste han òg i norsk ved Østfold småbruksskole i perioden 1918–28. Han var deretter styrar ved Skiringssal Folkehøgskole ved Sandefjord frå 1928 og fram til han gjekk av med pensjon i 1958.

Som student ved Troms lærarskule var Asphaug med i mållaget Heimhug, og i 1907 var han drivkrafta bak skipinga av Lauvsprett – Nord-Noreg sitt første ungdoms- og målblad. Han var redaktør for bladet fram til han var ferdig på lærarskulen i 1909. Seinare var han òg redaktør for ei rekkje andre aviser og blad, mellom anna Bonden i Gjøvik (1909–10), det nynorske vekebladet For Bygd og By (sommaren 1913), avisa Østlandet i Mysen (1916–19) og Vestfold ungdomsfylking sitt blad Dag (1928–40).

Asphaug var i fleire periodar representant for partiet Venstre i Eidsberg herredsstyre og Mysen kommunestyre. Han var òg mellom anna fylkesinspektør for folke- og skuleboksamlinga i Østfold og Vestfold og styremedlem i Noregs høgskulelærarlag og Norsk bibliotekforening. Og då Norsk språknemnd blei skipa i 1952 som rådgivande organ i språkspørsmål, fekk Asphaug plass som ein av medlemene. Han var ein populær foredragshaldar og snakka gjerne om temaet språk. I 1938 fekk han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Arthur Brox (red.): Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Tromsø 1923

Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934

Sven Moren og Edvard Os: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Noregs Ungdomslag 1921

Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Henrik Vestreng og Jofred Stortrøen: Jubileumsskrift for Smålenenes folkehøiskole, Toneheim folkehøgskole, Bondelagets folkehøgskole 1910–1960. Oslo 1961

Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 28.01.2016