Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Hallgeir Langeland

Hallgeir Håbakk Langeland, lærar og profilert og kontroversiell SV-politikar. Han var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Rogaland i fire periodar, frå 1997 til 2013.

Hallgeir Langeland er fødd 14. november 1955 i Strand i Rogaland. Han gjekk idrettslinja på vidaregåande skule på St. Svithun i 1972–75, tok sersjantkurs (USK) i Forsvaret i 1975–76, historie grunnfag i 1978 og lærarutdanning ved Høgskolen i Stavanger i 1978–82. Han arbeidde som lærar i 15 år, ved Møllehagen skole i 1982–85, Hundvåg skole i 1985–87, Austbø skole i 1987–90, og han har vore rådgivar (1990–96) og undervisningsinspektør ved Austbø ungdomsskole (1996–97). Frå 1997 til 2013 var han stortingsrepresentant for SV frå Rogaland.

Langeland var gruppeleiar og medlem av formannskapet i Stavanger bystyre for Sosialistisk Venstreparti i 1991–95 og medlem av bystyret i 1995–97. I 1992–95 var han medlem av styret for Rogaland SV og i 1995–99 medlem av sentralstyret til partiet. Langeland har vore stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Rogaland i alle periodane frå 1993 til 2013, dei to første som medlem av energi- og miljøkomiteen og dei to neste som medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.
Som politikar har han gjerne stått i spissen for aksjonar og sivil ulydnad, har eit internasjonalt engasjement og er imot krig. Han arbeider for rushtidsavgift i byane, lyntog og kollektivtransport, og han er imot utbygging av gasskraftverk og for alternativ energi. Langeland høyrer til venstrefløya i partiet og har ved fleire høve kritisert si eiga partileiing, men har moderert seg noko dei siste åra.
Langeland har hatt fleire administrative verv og tillitsverv, mellom anna har han vore medlem av skulestyret i Strand kommune i 1975–77, styret for Midtbygdens Idrettslag i 1975–78, styret for Norsk Lærarlag i Stavanger og Rogaland i 1986–91 og styret for Cubaaksjonen i Stavanger i 1990–95. Han har òg arbeidd med nynorsk og for nynorsk i ulike samanhengar. Langeland vart referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder

Hallgeir Langeland, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HHL [lesedato 10.4.2013]
E-post frå Langeland, 8.7.2016

Peikarar
Bloggen til Hallgeir Langeland

Først publisert: 10.09.2013
Sist oppdatert: 24.08.2016